Etterlyser fusjonshjelp

– Me er fleire små bedehuskrinsar rundt om i bygdene som vurderer å slå oss saman. Eg vil utfordra konkret; kan krinsen utarbeida retningslinjer for ein slik prosess?

Denne utfordringa kom frå Øystein Hellesøy under forhandlingsmøtet på Indremisjonssamskipnaden (IMS) sitt årsmøte i vår. Til sambåndet.no utdjupar han no ønsket:

– For oss er dette ei aktuell problemstilling, for me har tre bedehus som ligg ganske tett. Me har allereie eit samarbeid, men me har i nokre år snakka om å formalisera dette. Til ein slik prosess hadde det vore godt med litt hjelp.

KORT BILTUR
Dei tre bedehusa er Rosendal, Omvikedalen og Guddal- og Seimsfoss indremisjon. Ifølgje googlemaps.no rekk ein innom alle tre i løpet av ein kvarters biltur. Hellesøy ser for seg ein felles foreining som har ansvar for innhaldet som aktivitetar og arrangement. På den måten kan dei få eit meir samordna arbeid og lettare få med fleire unge familiar. Men det betyr ikkje at dei flyttar alt til eitt hus og legg ned dei to andre.

– Nei, me vil behalda eit lite husstyre på kvar plass, kanskje vil det òg vera naturleg å spreie aktiviteten. Men ein felles foreining gjer at me kan tenkja meir heilhet og samordna kreftene, seier han.

Kva han treng hjelp til frå krinsen, veit han eigentleg ikkje.

– Nei, det er jo noko av utfordringa. Me som står midt i dette og ikkje har gjort det før, ser ikkje alltid alle sider i ein slik prosess. Difor hadde det vore til god hjelp med ei form for handbok, seier Hellesøy og meiner han ikkje er aleine om dette behovet.

– Fleire kom bort til meg etter forhandlingsmøtet og meinte ideen var god, for dei stod midt oppi same situasjon.

– SJÅ LIKT
Krinsformann i IMS, Ingebrigt S. Sørfonn, synest også ideen er god, for i ein slik prosess er det nødvendig «å trø forsiktig, og då kan det vera viktig med hjelp utanfrå». På eit generelt grunnlag peiker han på to forhold ein ber med seg når mindre einingar går saman til noko større:

– For det fyrste er det viktig å sjå framover; kvar vil me hen og kvifor gjer vi dette. I tillegg er det nødvendig å visa respekt for det som er gjort før. Dette vil vera ei utfordring heile tida.

Kva ein slik manual skal innehalda, har heller ikkje han tenkt så mykje på når sambåndet.no spør.

– Men eg trur noko av det viktigtaste er at den tør å seie noko om dei vanskelege områda ein vil møta på i ein samanslåingsprosess. Den må gje dei involverte hjelp til å sjå kva som bør tenkjast på – og ikkje berre peika på gevinsten, seier Sørfonn.

– LYTTA LOKALT

krinsleiar Marit H. Ådnanes

krinsleiar Marit H. Ådnanes

Førebels har ikkje krinsen gjort noko meir med ønsket, fortel krinsleiar Marit Hårklau Ådnanes.

– Det kan godt hende me vil det etter kvart, men det er den berømte prioriteringa. Det er mange saker som krev tida i ein krins, seier Ådnanes med eit smil.

Ho utelukkar på ingen måte at det kan skje, men peikar på at det er mange sider i ein slik  fusjonsprosess, og at dei lokale tilhøva kan vera svært ulike frå stad til stad.

– Difor treng me som krinsleiing sjølv å læra av dei som står midt i dette, og lytta til deira erfaringar, seier Ådnanes – som også peiker på at dette kunne vore ei god sak å få hjelp frå sentralleddet med.

Generalsekretær Erik Furnes erkjenner at det ikkje har vore i hans tankar til no med ein slik manual.

– Men det betyr på ingen måte at dette er ein dårleg ide, seier han og viser til setninga i strategiplanen om at «vi vil stimulere til samarbeid over bedehusgrensene, og samanslåing der det er naturleg».

– Dette er i alle tilfelle ei sak der me treng spela tett på lag med krinsane, seier Furnes.

Les også: Kretsen i hendene på lokalforeningene

n-rosendal-foto-wikipedia-commend

Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune i Hordaland. Tettstaden har 768 innbyggjarar per 1. januar 2013. Foto: wikipedia.no – fri bruk.

1 svar
  1. Roald Evensen says:

    Tiden for endringer av strukturer er overmoden mange steder. Det foregår faktisk en «dødsprosess» flere steder uten at noen våger å ta fatt i problemet. Det er på tide at det rettes fokus på hvordan vi organiserer arbeidet både lokalt og regionalt. Tiden er inne for å tenke hovedforsamlinger for regioner innen en viss radius, og på den måten frigjøre midler og krefter på vedlikehold av bygninger som ikke lenger tjener sin hensikt. Kunne folk for 100 år siden ro og gå i flere timer for å delta på gudstjeneste i et gudshus, må det vel kunne gå an i dag å sette seg i privatbilen noen minutter for å delta i et kristent fellesskap.

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.